Premiere: Filmverkstadfilm

PREMIERE: Dagens premierefilm var ein kjapt sammansett kolasje av bakomfilmen-klipp frå laurdagens filmverkstad i kulturhuset. Nokon gongar treng ein ikkje tale for å fortelja historia. Her er bodskapen rett og slett at ung energi og kreativitet er gode ingrediensar når ein film skal skapast.

Om lag 12 ungdom møtte opp denne gongen, fulle av idear og pågangsmot. To idear vart fødde, utvikla og filma i løpet av fem hektiske laurdagstimar. Enno fleire idear vart drøfta og vert truleg jobba vidare med seinare.

Oppdragsgjevar Moster 2024 har born og unge som sin viktigaste målgruppe, og har i dette prosjektet utfordra dei mellom 13 og 19 år til å laga ein film om sin oppleving av koronatida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...