Blime davel!

STORD: Me badar i god energi når me filmar Blime-dansen med ulike einingar i Stord kommune denne månaden.

Når både dansen og songen er smittsam, er det ikkje rart ein vert «sjukt» gira av å filma Blime-dansen på kryss og tvers av Stord kommune.

Det er nemleg vårt store prosjekt i mai, som stiller krav til god logistikk og hurtige filmseansar. Me har satt av ein time til kvar eining, inklusive rigging og forflytning, noko som er i minste laget.

Men det gjer ikkje så mykje å ha eit særs hektisk oppdrag, så lenge me badar i positiv og inkluderande energi, uansett om me vitjar barnehagar, skular, naudetatar eller omsorgseiningar i kommunen.

Koreografi eller koordinering er ikkje så farleg når unge og vaksne dansar til Selma sin «Den ene» som er namnet på Blime-songen frå 2022. Det viktigaste er den «inkluderande» bodskapen.

Musikkvideoen får premiere under Folk i sentrum, truleg 8. juni 2023.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...