Gullkorn frå Gullvegen

BØMLO: I dag har me strauma ein «fullskala» TV-produksjon direkte på YouTube frå Gullvegen Gardstun for Statsforvaltaren i Vestland.

Me produserte sendinga på direkten, med studio i Karoline-stova på tunet, med ein rekkje integrerte, ferdiginnspelte innslag. Eit av dei var verdspremiera på Inn på tunet-filmen me laga i august.

Det er fint å sjå korleis deltakarane i introduksjonsprogrammet til Bømlo kommune vert tekne i mot av Sindre Larsen og dei andre på Gullvegen Gardstun. Dei er innvandrarar med fluktbakgrunn og har masse arbeidserfaring, men lite formalkompetanse. I Inn på tunet-programmet til Statsforvaltaren i Vestland får dei arbeids- og språktrening og betre forståing av korleis norsk arbeidsliv fungerer.

Under konferansen 10. november hadde me i Vestland Media ansvaret for å strauma direkte på YouTube til eit nasjonalt publikum. I studiosendinga leia av Ragna Flotve frå Statsforvaltaren fekk me mellom andre høyra korleis ein av deltakarane allereie hadde fått seg jobb hos ein lokal bedrift på Bømlo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...