Verdsrekord i musikkvideoproduksjon?

BØMLO: Neida, me anar verkeleg ikkje om me har laga verdas raskaste musikkvideo med Ognjana Belic denne veka, men me veit me var ganske kjappe.

Ein måndag i novemer skulle me laga musikkvideo med Ognjana Belic frå Bømlo og hennar nydelege versjon av den serbiske MGP-låta «Kruna». Me hadde hastverk, for låta skulle nyttast i direktesending frå Gullvegen Gardstun berre tre dager seinare. Problemet var berre at me enno ikkje hadde spelt inn låta.

Så før me kunne laga musikkvideo måtte me få songen på «teip». Kvart over to var me på pass i Ungdomsheimen, der Mats hjalp oss i studio. Fire takes, og alle var nøgde. Me filma undervegs for å ha klippbilete til musikkvideoen.

Vêret baud på ein strålande solnedgang, så Ognjana og eg stakk ned til Storavatnet ein knapp kilometer unna, for å spela inn dei siste scenene til musikkvideoen. Det gjekk smud, og kvart over fire var me ferdige. To timar redigering dagen etter, og musikkvideoen var klar til verdspremiere på Statsforvaltaren i Vestland sin direktesendte Inn på tunet-konferanse to dager seinare

Mats hjalp oss i studio i Ungdomsheimen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...