Premiere: Slik vart Olav «den heilage»

OSLO: Det er lite som fascinerar meg meir enn fagfolk som kan briljera med kunnskap om faget sitt. Det speler ingen rolle kva for område det er snakk om. Dette er dei som får einkvar historie til å høyrast spennande ut, sjølv om du ikkje visste du var interessert ein gong. Ein av fleire slike eg har møtt er Hans Jacob Orning, professor i historie frå Universitetet i Oslo. Dagens premiere, den fyrste for haustsemesteret, handlar om korleis Olav Haraldsson vart til Olav den heilage, og om det politiske og religiøse spelet i «kulissane». Orning stilte opp på kort varsel og snakka utan manus med stort engasjement og høg presisjon om kva ein veit om han som i dag er mest kjent som St. Olav. Den same som innførte kristenretten på Moster i 2024 og han som vart drepen på Stiklestad i 1030, den 4. august jamfør vår gregorianske kalender. Filmen er naturlegvis laga for Moster 2024.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...