Mentor på Moster for Moster 2024

MOSTER. Me hadde to kjekke dagar i høgt tempo som mentor for unge, energiske filmskaparar og historieforteljarar i 7. klasse ved Moster skule dei to siste arbeidsdagane denne veka. Ungdommane har laga koronakortfilmar på løpande band i samarbeid med Moster 2024. Her var det imponerande innsats og kreativitet heilt til siste minutt før helg!

Den første dagen fekk kvar gruppe fem minutt kvar med underteiknande, som på den tida både måtte forstå vinklinga og gi råd for vegen vidare. Me kan trygt seia de var 55 minutt som gjekk forrykande fort. 7. klassingane nytta sin eigen mobil som verktøy og har nytta timane på skulen til å utvikla ideen og gjennomføra den. Målet var å laga filmar om kva dei gleda seg til etter korona. Samstundes pågjekk same prosjektet hos ein skule på Shetland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *