– Me vil ha premierefest!

FOLDRØY: «Fire and forget» er et kjent uttrykk for oss med fartstid i forsvaret. I min kvardag i dag, kan ein nytta det om straumen av innhold som publiserast på sosiale medie utan vidare seremoni. Man publiserer, deler så mykje ein kan og hoppar vidare til neste prosjekt.

Men frå ungane på Foldrøy skule var beskjeden klar: Me vil ha ein premierefest! Og som sagt, så gjort. I dag var det endeleg dags for premiere på filmen me har laga saman. Da måtte det sjølvsagt is til, sjølv om det var ti minusgrader ute. Me måtte sjå filmen fire gonger før dei var nøgde. Og å sjå seg sjølv og medelevane på «TV» var stor stas, og smila satt laust!

Dei to minuttane filmen varar fortél historia om kontaktlæraren som gjev elevane den triste beskjeden om at dei får ein ny lærar. Kva som skjedde da, kan du sjå i filmen under!

EDIT: Ved kampanjeslutt, dvs når søknadsfristen til høgare utdanning gjekk ut, 15. april, var antallet visningar av filmen på Facebook 18.500, noko som må seiast å vera sterkt for ein relativt smal film.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...