TikTok-taktik

ROMMETVEIT. Når ein arrangerer TikTok-verkstad gjeld det å by på seg sjølv! I dag var me på HVL på Stord for å diskutera korleis me kan auka rekrutteringa til lærarutdanninga ved hjelp av TikTok. Opprinneleg eit oppdrag der me skulle laga ein film for Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS). Men tidleg i arbeidet innsåg me at me måtte nytta fleire verkemiddel for å nå fram.

Kvifor i all verda TikTok? I kommunikasjon er truleg det aller viktigaste å forstå språket og kanalane dei ulike målgruppene nyttar. Me starta prosjektet allereie i fjor haust der me samla elevar frå vidaregåande og ungdomsskulen, som rådde oss til å nytta TikTok som ein av kanalane i kampanjen.

Lærarstudentane Alexander og Ane (biletet) kom inn i prosjektet med gode idéar og stor entusiasme og kjem til å vera bidragsytarar framover. Aleksander (på skjermen bak) er ein aktiv lærar på TikTok som var med på verkstaden og inspirerte oss heilt frå Karmøy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...