Premiere: – Annleis enn vanleg skule

PREMIERE: Wärtsilä valde å venta med videoen frå Ung Tekno-seansen med Atheno på Heiane i september. Dei ville ha ein godkjensle-film å leggja ut rett før jul. Og det er nett det denne filmen er. Ein film om ungdommeleg kreativitet og pågangsmot og masse god stemning. Som deltakarar i Ung Tekno-konseptet vart ungdomane frå Moster ungdomsskule utfordra på problemstillingar Wärtsilä sjølv jobbar med. Dei fekk sjansen til å utvikla ideane sine i grupper og så presentera dei for eit panel på slutten av todagars-arrangementet. – Dette er annleis enn heilt vanleg skule heile tida, sa Henriette om dei to dagane hos Wärtsilä.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...