Vikingtid med barneauge

SVORTLAND: Kor lenge er 1000 år då? – Det er veldig, veldig, veldig lenge! Joda, barn får sagt det. Ole (4) har sjølvsagt heilt rett i det han seier. Meir klar tale og gullkorn på rad og rekkje kan de sjå og høyra når filmen kjem. På oppdrag for Moster 2024 lot me dagleg leiar Elsa Aanensen få «intervjua» fire av ungane frå Espira Salamonskogen på Bømlo. Dei prata gjerne om vikingtida, og dei var godt førebudde til samtalen. Videoreportasjen kjem ein gong i neste månad, når barnehagen i samarbeid med Moster 2024 skal lansera ein podcast for barn om vikingtida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...