Premiere: Eg og alle

SVORTLAND: Premierane står i kø denne veka. Dette er filmen om lanseringa av prosjektet «Eg og alle» for Moster 2024. Tusenårsjubileet ynskjer å knytta dei historiske hendingane saman med den tida me lever i, og «individ og kollektiv» er tema for fyrste sesong. Born og unge er den viktigaste målgruppa for jubileet. Elsa Aanensen og Nina Sele har difor reist rundt til Bømlo-skulane og invitert elevane til å fortelja sin historie frå koronatida. Det skal dei gjera i form av ein film på maks to minutt.

Moster 2024: Eg og alle #M24UNG (2020) from Peter Tubaas on Vimeo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...