Kreativ verkstad med elevar frå vidaregåande skule

SVORTLAND: I dag samla me elevar frå ulike studieretningar ved Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregående skule til å fortelja om kvifor dei valde å gå på skule på øya. Utfordringa som Vestland Media har fått frå næringslivet på Bømlo er å bidra til å auka søkjartala sjølv om ungdomskulla vert mindre dei neste åra. Det er ei stor ære og ei enorm stor oppgåve! Elevane som møtte på Bømlo videregåande skule i dag hadde mange gode argument. No handlar det «berre» om å presentera dei på ei måte som gjer at me når fram til ungdomsskuleelevane og foreldra deira. Dagens vidaregåande-elevar vil gjerne visa fram kor fint det kan vera å gå på skule i eigen heimkommune. Målet er å laga ein fengjande film som kan visast på kino og sosiale medium.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...