Premiere: ABCD på 1-2-3

PREMIERE: Om ein ønskjer å skapa endring i eit heilt samfunn, må ein involvera alle dei som bur der. I eit nytt folkehelseprosjekt gjer Bømlo kommune nett det ved hjelp av den såkalla ABCD-metodikken. Asset Based Community Development er ein metode der ein skal kartleggja og utnytta ressursane til kvar enkelt, for å byggja eit betre samfunn. I vinter held kommunen ein rekkje med kurs for ulike einingar og institusjonar, der ABCD-guru Cormac Russel presenterar og engasjerar folk digitalt på direkten frå Irland. Me var med på det første kurset, og i filmen vår vert ein betre kjent med metodikken og nokre av dei som gjekk på kurset. Her snakkar me stort samfunnsengasjement og eit hjarta som bankar for Bømlo!