Premiere: 30 menneske – ei historie

NORGE: Denne glade guten heiter Håvard og er sju år. Han øvde heile dagen på sin setning til filmen om Moster 2024. Det er takk vere slike som han at denne filmen har vorte til. Eg må seie – tusen (!) takk til alle medverkande!

Det er spennande å jobba for eit prosjekt som Moster 2024, som er så lokalt, men likevel i høgste grad eit nasjonalt anliggande. Difor må kommunikasjonen gjenspegle både sider.

I denne filmen har me freista å få med alle typar menneske frå nær sagt heile landet. Filminga har gått føre seg i hele juni, frå aust til vest. Alle regionar er ikkje med, men me synest me kan seia at denne filmen er ei helsing, frå alle – til alle.

Me har nytta speilrefleks til heile prosjektet, samt 35 mm fastopptikk. Manus kjem frå dei som jobbar med Moster 2024 til dagleg, men eg har óg fått bidrege med mitt. Eg var óg så heldig at eg fekk gjort ein gjennomgang med manuset saman med ein professor ved Universitetet i Oslo. Frå dette møtet kjem meir innhald seinare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...