Livet med Larkins

STORD: Det er eigentleg heilt uvesentleg, men eg fekk eit skikkeleg flashback av dette biletet. Kven kjem vel ikkje i hug den britiske godkjensle-serien ‘Livet med Larkins’ frå 90-talet? I kommunikasjon er det som oftast eit godt tekn at det visuelle bringer fram gode kjensler hos mottakarane. Dette biletet tek oss bakom kulissane under musikkvideo-innspeling med Nils Horn på Horneland på Stord i kveld. Godkjensler er eit riktig stikkord også her. Nils Horn leverer alltid musikk på øvste hylle, men det er ikkje alltid han/dei er like «tilgjengeleg» som her. ‘Kanskje du ikkje fant meg’ er ein munter song med eit alvorleg tema – og ein fartsfylt poplåt med hitpotensial. Stas å få vera med å laga den visuelle promoteringa av låta i form av ein musikkvideo!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Vennligst vent ...